Arne Engevik til topps i vintercupen som blei avslutta med finaleskytig i Sandeid. Foto: Privat
Arne Engevik til topps i vintercupen som blei avslutta med finaleskytig i Sandeid. Foto: Privat

Arne Engevik til topps

Vann Westcon Vintercup 2014.

Den første finala i Westcon Vintercup nokon gong vart sist helg arrangert av Vindafjord skyttarlag i Sandeid. Etter at det gjennom året har vore skote i alt tolv Westcon Vintercup-stemne, sto det att 77 skyttarar i elleve ulike klassar som hadde kvalifisert seg til finaleskyting.

I senior (klasse 3-5) vann Arne Engevik (kl.5) frå Stord med 394 poeng, føre Paul Are Ljosnes (kl.4) Kvinnherad og Liv Sollesnes (kl.5) Jondal, begge med 392 poeng.

I rekrutteringsklassane gror det godt. Nær 90 ungdomar har delteke i Vintercupen og det er oppmuntrande at klassane Rekrutt og Eldre Rekrutt no er på høgde med kl. 4 og kl. 5 i tal på deltakarar.

I klasse ER skaut Mads Aadland Flatås, frå Stord, 400 poeng av 400 moglege. Brynjar Grønås Birkeland frå Sveio laut sjå ein niar og skaut 399 poeng. Glitrande skyting frå begge.

Det var jamt over god skyting i alle klasser.

Ny cup

Westcon Vintercup er ny av året og vert skoten innandørs på 15 meter miniatyrbane. I tillegg til alle skyttarlag i Sunnhordland skyttarsamlag deltek skyttarar frå Jondal, Folgefonn, Odda, Røldal, Haugesund, Karmøy, Skjold, Sand/Suldal og Sauda skyttarlag.

Interessa for Vintercupen har vore over forventning og deltakar talet har auka jamt gjennom året.

Westcon Vintercup 2015 inneheld 14 miniatyrstemne og startar opp i Jondal allereie 4. januar. Før banesesongen tek over utandørs skal det skytast ni stemne som tel i kvalifisering til Finale i desember 2015.

 

Finale kongelag kl. 3-5:

Nr 1. Arne Engevik, Stord                394 p

Nr 2. Paul Are Ljosnes, Kvinnherad 392 p (4 *)

Nr 3. Liv Sollesnes, Jondal               392 p (1 *)

Øvrige klassevinnarar i Westcon Vintercup 2014
Kl. 5 Arne Engevik Stord 394
Kl. 4 Paul Are Ljosnes Kvinnherad 392
Kl. 3 Tor Eivind Gilje Bremnes 333
Kl. 2 Svein Nervik Etne 394
Kl.1 Jostein Ellingsen Karmøy 292
Kl. R Olve Grønås Birkeland Sveio 392
Kl. ER Mads Aadland Flatås Stord 400
Kl. J Martin Aadland Vad Stord 389
V55 Svein Terje Ohm Skjold 389
V65 Einar Kvaløy Sauda 398
V73 Lars Færevåg Jondal 396