Chris Jespersen kom på tiandeplass i Östersund, men kom langt bak dei beste. Arkivfoto
Chris Jespersen i aksjon i Davos for eitt år sidan. Nå må han prestera for å nå målet om Tour de Ski. Arkivfoto

Jespersen på pallen

I stigande form før Tour de ski.

Chris Jespersen tok tredjeplass på laurdagens 15 km i verdscupen. Det blei norsk storeslem på distansen som gjekk i sveitsiske Davos. Anders Glørsen blei overraskande dagens vinnar, medan Peter Northug jr gjorde sesongens beste distanserenn og blei nummer to.

Også Jespersen gjorde sesongbeste med sin flotte tredjeplass, 10,4 sekund bak dagens vinnar. 31-åringen frå Skånevik starta svært godt og låg i tet midvegs. Avslutninga var ikkje av same kaliber, men bronsen smakar godt for Jespersen eit par veker før Tour de Ski, som er sesongens høgdepunkt før VM i Falun.

Martin Johnsrud Sundby blei nummer seks og Finn Haagen Krogh nummer sju på ein dag der nordmennene igjen dominerte mot verdas beste skiløparar.