92-14-snø allé

Så kom snøen

Elida Øyjord Rødne og Bjarte Grindheim frå 10. Klasse Enge skule har vore utplassert i Grannar-redaksjonen nokre dagar denne veka. Dei var på ein rundtur i Etne fredag føremiddag og dokumenterte årets første snøfall.

Det er lite som tyder på at snøen blir liggjande lenge. Yr.no melder om mildare vêr og regn. Utpå dagen vil det klarna litt opp. Litt sol kana det også bli laurdag ettermiddag, men elles er det regn i vente.

Sundag morgon er det sjanse for meir snø, som vil gå over til regn utover dagen.