Ole Arne Pedersen frå Ølensvåg bruker store deler av fritida si på å trena fotball med barn og ungdom. Han er derfor kåra til Årets namn 2014. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ole Arne Pedersen held fram som trenar for Ølen. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Idrettseldsjel årets namn

Kåra med klar margin.

Grannar sine lesarar stemte fram Ole Arne Pedersen (44) frå Ølensvåg til Årets namn 2014.

Eldsjela frå Ølensvåg hanka i land nesten dobbelt så mange stemmer som nummer to på lista over kandidatar til Årets namn 2014. Sjølv er han svært overraska og audmjuk over både nominasjon og avstemming.

— Eg er overraska over å ha blitt nominert, og av resultatet av avstemminga. Det er så mange fine namn som er nominert. Men det er jo kjekt at det ein gjer blir sett pris på, seier Pedersen som vart nominert for sin mangeårige innsats for idretten og sitt engasjement for born og unge gjennom si rolle som fotballtrenar.

Det å skapa ein positive arena for barn og unge er ein stor motivasjon

I grunngjevinga til forslag over kandidatar som kom inn til Grannar heiter det mellom anna at Ole Arne Pedersen er ei eldsjel for Ølen som legg ned mykje arbeid for idretten. Han trenar både Ølen A-lag, Ølen junior og Ølen junior Lundeneset, og alt gjer han på dugnad. Vidare blei det peika på at han er ein usedvanleg blid trenar, samstundes som han er seriøs.

Brenn for dei unge

Prisvinnaren har alltid hatt eit brennande engasjement for barn og unge. Til dagleg jobbar han som lærar i kroppsøving og idrettsfag ved Lundeneset Vidaregåande skule. På fritida vier han store deler av livet sitt til fotballen.

— Eg har vore med ti sesongar i idrettslaget som fotballtrenar. Fotballen er eit reint frivillig arbeid. Vanlegvis blir det rundt seks treningsøkter i veka, pluss ekstra trening og kampar i sesongen. Eg slit ikkje med å få tida til å gå, seier han.

Motivasjonen til å halda fram med det frivillige arbeidet finn han i gleda over å gjera noko for barn og unge i lokalmiljøet.

— Eg trives veldig godt saman med barn og ungdom, og eg ser at det er viktig at dei unge kjem seg ut og i aktivitet. Det å skapa ein positive arena for barn og unge er ein stor motivasjon. Gjennom fotballen får eg læra dei unge å kjenna. Det er positivt for meg, seier han og håpar fleire vaksne kan finna tid til å delta i det frivillige arbeidet.

– Det er veldig mange som gjer ein stor innsats gjennom frivillig arbeid, men det er ofte dei same som går igjen. Det kan vera ein utfordring å få nye folk til å stilla opp. Eg skulle ynskja det var enda fleire som såg verdien av frivillig arbeid. Å vera med gjev svært mykje.

Tek seg fri

Det kan bli lange dagar for fotballentusiasten, men i helgene og feriane tek han seg fri. Då ber det gjerne av garde til hytta på Sørlandet eller han tek seg ein tur padletur på sjøen.

— Eg har vore nøye med å ta fri i ferien. Då dreg me til hytta, seier han og skryt av både kona og ungar som godtek at han brukar så mykje av fritida som trenar.

— Kona og ungane godtek det, og det er eg glad for. Kona er ikkje så opptatt av fotball, men dei to gutane mine har spelt tidlegare. Jenta mi går på handball, fortel han og synes han har vore heldig som har fått trena sønene sine sjølv.

Vaks opp med fotball

Ole Arne Pedersen vaks opp på Bømlo. Der var fotball så å seia det einaste alternativet dersom borna ville driva med idrett.

— Me hadde ei ball-løkke som me brukte mykje, men i idrettslaget var det stort sett berre fotball som var tilbodet, fortel 44-åringen som likar best å trena andre.

— Eg hadde éin sesong på seniornivå i 17-årsalderen. Elles har det blitt mest på leiarbiten, seier han.

I vaksen alder busette han seg på Lundeneset saman med kona som er lærar på den same skulen.

— Me leiger hus her på området og trives godt på skulen. Eg var sjølv elev her då eg var ung, seier han og set pris på at både skulen og nabolaget yrer av aktivitet.

— Eg likar utvikling. Det gjev motivasjon, seier eldsjela på Lundeneset.

Årets namn

Kvart år dei siste ni åra har Grannar invitert sine lesarar til å koma med forslag til personar som dei meiner fortener tittelen Årets namn.

— Målet er å få fram personar som gjer ein spesiell innsats for ei sak, for lokalsamfunn, for nærmiljø eller er ein god ambassadør for Etne og Vindafjord, fortel redaktøren i Grannar, Arne Frøkedal.

Det er alltid seks personar som blir plukka ut av redaksjonen blant dei innkomne forslaga, og det blir teke omsyn til geografi, kjønn og alder.

— I år har me ein verdig vinnar i kategorien eldsjel som brukar mykje at fritida si på andre. Han er blitt ein klar vinnar, seier Frøkedal.