91-14-Jespersen-Lillehammer

Tungt for Jespersen

Jaktstarten i Oberstdorf i dag gav ikkje det store avansementet for Chris Jespersen i Tour de Ski.

Mest av alle overraska Petter Northug jr. med ein spurt etter godt, gammal merke, og han tok innersvingen på alle i oppløpet. Noreg fekk også fjerdeplassen med Niklas Dyrhaug, medan Martin Johnsrud Sundby måtte nøye seg med ein 8. plass etter eit uhell i den siste bakken.

I prologen i går kom Jespersen på 27. plass, og i jaktstart 15 klassisk i dag avanserte han til 20. plass. Løparen frå Skånevik var i eit stort felt som fekk kontakt med teten, og etter passering 10 kilometer var han på 17. plass.

Men deretter gjekk det litt tråare, og han hadde ingen stor sprut over seg i resten av løpet. Løparen som går for Korlevoll-Odda IL, kom 30,2 sekundar etter teten i mål.

Dagens distanse var den andre etappen i årets Tour de Ski, og det gjenstår fem løp før touren er avgjort 11. januar. På tysdag er det sprint i Val Mustair i Sveits.

Etter to distansar er Jespersen 45,2 sekundar etter Northug i samandraget, men siste ordet er langt frå sagt i årets Tour de Ski.

Frå prologen laurdag

 Chris Jespersen måtte bytte stav og klarte ikkje å kopiere fjorårets gode start i Tour de Ski.

Prologen på 4 km fristil er på ingen måte Jespersen sin favorittdistanse, og eit uhell som førte til stavbytte talte ikkje til hans fordel. Skånevikbuen kom inn til ein 27. plass på opningsetappen i Tour de Ski i Oberstdorf i Tyskland i dag.

I fjor kom han på ein sterk fjerdeplass i prologen, men i dag var han 23.6 sekundar etter sveitsiske Dario Cologna som var ganske suveren. Beste nordmann var Petter Northug jr på ein tredjeplass.

Prologen gir utganspunktet for 15 km klassisk jaktstart i morgon og Jespersen går ut over 23 sekundar etter Cologna. NRK sin langrennsekspert, Torgeir Bjørn, meiner Jespersen er i form, men kom lenger bak i den første etappen enn han hadde håpa. Det gjorde også Sjur Røthe som hevda seg godt i Tour de Ski i fjor.

Det er store forventningar til Jespersen som tok andreplass samanlagt i Tour de Ski i fjor etter Martin Johnsrud Sundby.

Før løpet i dag sa Jespersen at han ikkje brydde seg så mykje om den korte prologen sidan feltet i den påfølgande jaktstarten samlar seg ganske raskt.

Men dagens vinnar av prologen er ikkje kven som helst i dette selskapet; Dario Cologna har tre gonger tidlegare vunne Tour de Ski samanlagt.