Snø isolerte folk i Fjæra

Frå laurdags ettermiddag til søndag føremiddag var folk i Fjæra heilt isolert frå omverda. Eit snøras aust for Langfoss førte til at vegen vart stengd laurdag ettermiddag, og store snømengder gjorde det umogeleg for brøytemannskapa å koma til frå Rullestad.

— Vegen var stengd både aust og vest for Fjæra. Me kom oss ingen plass. Frå Fjæra til Rullestad kom ikkje bilane seg opp fordi brøytebilen ikkje kom seg fram, fortel Else Fjæra som bur på Fjæra.

Aldri før har ho opplevd at så mykje snø har dala ned frå himmelen på ein gong.

— Det kom over 42 cm på rundt 7 timar. Det har eg aldri opplevd før, seier 67-åringen som har budd heile sitt liv ved sjøen på Fjæra.

Både straum, telefon og internett datt ut fleire timar på laurdagen.

— Alt går så lenge ein kan fyra med ved. Det var tross alt betre enn sist helg då stormen knuste buss-skuret, bles takstein av husa og øydela båtar. Me har aldri hatt slik vind her, seier ho.