F.v. Madelen Staurland (15), Håvard Rørtveit (15), Mira Helgevold (15), Sarocha Jaisua (16) og Vegard Torstenbø (15) er spente på kva dette året vil by på. Dei startar sine utdanningar kommande haust og gleder seg til å byrja på nye skular og treffe andre elevar med same interesser.
Foto: Sirianne Vikestad
F.v. Madelen Staurland (15), Håvard Rørtveit (15), Mira Helgevold (15), Sarocha Jaisua (16) og Vegard Torstenbø (15) er spente på kva dette året vil by på. Dei startar sine utdanningar kommande haust og gleder seg til å byrja på nye skular og treffe andre elevar med same interesser. Foto: Sirianne Vikestad

Tid for å staka ut kursen

Tiandeklassingane må desse dagar bestemma vegen vidare i livet.

I torsdagens Grannar er temaet Yrke & Utdanning. Me har snakka med tiandeklassingar i Vikedal og Skjold for å finna ut kva dei tenkjer framover. Me gir også oversikt over kva yrke og bransjar innbyggjarane i Vindafjord og Etne jobbar i. På dei 13 temasidene har me også besøkt ein arbeidsplass i helse- og sosialsektoren som har stort behov for rekruttering i åra som kjem.