Vegforum Øst-Vest sitt traseforslag. Illustrasjon: Knut Olav Sunde
Vegforum Øst-Vest sitt traseforslag. Illustrasjon: Knut Olav Sunde

Vegvesenet går for E134

I dag kjem rapporten om framtidas aust/vest-samband.

Det ligg an til ei gladmelding for alle som ivrar for ein endå betre og kortare E134 over Haukeli. I dag vil Statens vegvesen levera sin rapport til samferdselsministeren om framtidas hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet.

Det har lenge vore signal om at vegvesenet kjem til å tilrå å satsa på E134 mellom Haugesund og Oslo, og truleg også Rv52 gjennom Hemsedal. Det er knytt spenning til kva status Rv7 over Hardangervidda vil få i rapporten, men lekkasjar tyder på at denne ikkje blir prioritert like høgt.

Det er grunn til å tru at regjeringa vil følgja tilrådinga frå sin fagetat. Med ei nasjonal satsing på Haukelivegen, vil det fylgja store midlar. Satsinga fører til at vegen skal lagast kortare for å få kjøretida ned. Mellom Haugesund og Oslo vil det kunna bli ei reisetid på mellom 4 og 4,5 timar.

Det er fleire interessegrupper på banen som jobbar for det sørlege aust/vest sambandet. Styret i den tverrpolitiske stiftelsen Aksjon Bedre Vei håpar vegetaten denne gongen ser vegvalet i ein heilskap og nasjonal samanheng, og lar samfunnsøkonomi og rasjonelle transportløysningar telja meir enn lokale særinteresser. I eit slikt perspektiv vil ny E134 skilja seg ut som den klart beste løysninga.

Ny E134 er åleine om å gi ein effektiv motorvegforbindelse til Austlandet for heile regionen frå Stavanger til Bergen. Den gir kortast reisetid og betydelig miljøgevinst med minst avstand og lågast tal høgdemeter, dessutan full ras- og vintersikkerheit og minimal påverknad av busette områder og dyrka mark, seier Nils Terje Furunes, styreleiar i Aksjon Bedre Vei. Furunes er samfunnsøkonom og tidlegare konsernøkonom i DnB NOR.

Stiftelsen ivrar for ein firefeltsveg og ei løysing som gir ned mot 3,5 timar kjøretid til Oslo både frå Haugesund og Bergen.