Huset blei toltalskadd i brannen. Foto: Anci C. Tinde
Huset blei toltalskadd i brannen. Foto: Anci C. Tinde

Ferdig etterforska

Huset som brann i Ølen tysdag i førre veke, er nå ferdig etterforska av politiet og difor frigitt til eigar og forsikringsselskap. Både krimteknikarar frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og representantar frå kraftselskap har vore i branntomta og gjort sine undersøkingar.

Politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor opplyser at det går eit par veker før det føreligg ein rapport som kan seia noko om brannårsak. Ingen personar kom til skade under brannen, men to hundar strauk med.

Huset like ved E134 nokre kilometer aust for Ølen sentrum, er totalskadd.