Inn i Kvinnherad Elektro

Kvinnherad Elektro AS i Rosendal kjøper 51 prosent av aksjane i Vassnes Solutions AS i Ølen. Konsernet i Vindafjord er igjen eigar av fylgjande operative selskap:

Vassnes Power AS – elektro installasjonar, Vassnes Engineering AS – engineering/støttefunksjonar, Vassnes Mechanicals AS – utleige av operatørar, og Varmepumpe Vest AS – sal/montering av varmepumper.

I ei pressemelding frå kjøparen går det fram at Vassnes Solutions AS har 55 tilsette og har dei siste åra utført ei rekkje store oppdrag innafor marine og offshore industrien på Vestlandet. Selskapet er godkjent lærebedrift og har ein dyktig og erfaren stab.

l ein kommentar seier direktør i Kvinnherad Elektro AS, Knut Johannes Helvik, at han ser på Vassnes Solutions som ein strategisk viktig samarbeidspartnar og at ein no kan samordna ressursane i kampen om nye og større oppdrag både i offshore, skip og samferdselssektoren.

Dagleg leiar i Vassnes Solutions, Helge Vassnes, seier at han er særs glad for å få ein solid aktør som Kvinnherad Elektro med på laget og at dei ser optimistisk på muligheitene som ligg i marknaden framover.

Marknaddssjef Kjetil Helvik i Kvinnherad Elektro AS kan med dette oppkjøpet opplysa at talet på tilsette i konsernet, som består av Kvinnherad Elektro AS i Rosendal, Helland Elektro & VVS AS i Eikelandsosen og Vassnes Solutions AS i Ølen, no aukar til 110 personar og at dei budsjetterer med ei total omsetning på kring 130 millionar kroner i 2015.