Arkivfoto
Dette bildet er tatt for eitt år sidan i bakkane inn forbi parkeringsplassen på Opheim. Området er blitt endå meir populært enn før. Arkivfoto

Nesten for populært

Det var stappfullt på parkeringsplassen på Opheim i dag, men utviding er ikkje aktuelt med det første.

Nesten tilløp til kaos når alle vil på ski med Opheim som utgangspunkt. Etter ein ikkje altfor snill vinter kom sol og lys vinterdag, og mange ville til Olali-traktene i Vindafjord.

Det er plass til 700 bilar på parkeringsplassen på Opheim i Ølen, men enkelte måtte gjere vendereis fordi det ikkje var parkering å oppdrive. På Fjellstøl i Sandeid er det plass til over 400 på parkeringsplassen.

— Eg hadde aldri tenkt at det nokon gong skulle bli så mange ein 1. februar. Det var kjedeleg for dei som ikkje fekk plass, men gledeleg at så mange vil til fjells på ski, seier Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.

Etter ein mørk og regnfull januar, er det nok mange som har venta på denne dagen, meiner han.

 Parkering

— Ein kan ikkje seie at området er blitt for populært, det var ein spesiell dag. Vi har opplevd tidlegare at parkeringa har vore full enkelte dagar, men ikkje så tidleg på året. Det var dårleg vêr heilt til laurdag morgon og vi måtte stå på for å få rydda snøen, men vi klarte det. I veka som kjem vil det bli køyrd opp fleire løyper, seier Øvernes.

Minusgradene skal vare i alle fall fram til helga.

Det første på tapetet til Friluftsrådet er å utvide lysløypa, og ei utviding av parkeringsplassen er ikkje på agendaen.

— På dagar som i dag, kan ein tenkje på det. Men ein må sjå utviklinga over ein periode, og om eit stort trykk vedvarar. Først då kan det bli aktuelt å ta nærmare fatt i ei eventuell utviding, seier dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes.