Vipa er eit av dei aller første vårteikna i distriktet. Arkivfoto: Terje Håheim
Vipa er eit av dei aller første vårteikna i distriktet. Arkivfoto: Terje Håheim

Tid for kjære vårteikn

Grannar inviterer lesarane til å senda bilde og tips om våren.

Mars er like om hjørnet, og er den månaden då våren er i ferd med å visa seg. Den første vipa pleier å bli meldt inn til Grannar på denne tida. For to år sidan mottok redaksjonen årets første bilde av hoggormen litt seinare i månaden, og deretter er det staren og linerla som gjerne dukkar opp i faunaen.

Med god hjelpa av lesarane vil Grannar også denne gongen fylgja våren si utvikling. Ring oss eller send MMS på telefon 975 70 789, eller send tips og bilde med vårmotiv på epost til: foto@grannar.no.

Hugs ein liten  tekst og namn på fotograf. Av bilda lagar me fotoalbum som me legg ut i album på nett og trykkjer i papiravis.