Roger Nilsen gir seg etter to periodar i lokalpolitikken i Etne.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Roger Nilsen gir seg etter to periodar i lokalpolitikken i Etne. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Gir seg i lokalpolitikken

Roger Nilsen (Frp) gir seg i aktiv politikk, men seier han ikkje har tenkt å «tørke ut».

Roger Nilsen har to periodar bak seg i kommunestyre og formannskap, og har vore Frp sitt andlet utad i Etne kommune dei siste åra. No tar han ein pause.

— Eg ønskjer ikkje å utdjupe dette utover at det er personlege årsaker til at eg ønskjer å prioritere tida mi annleis, seier han.

Han understrekar at han fortsatt vil vere aktiv i lokallaget, og han ser ikkje bort i frå at han kan dukke opp i politikken igjen ein gong i framtida.

— Det får vi sjå på om fire år, seier han til Grannar.

Det er industrimekanikaren og nestleiaren i Etne Frp, 26 år gamle Kenneth Karlsen, som står øvst på vallista som nyleg er klar.

Dette er vallista til Frp ved haustens kommuneval

Dei tre øvste er kumulerte:

  1. Kenneth Karlsen, industrimekanikar
  2. Trude Enge, sjølvstendig næringsdrivande
  3. Roar Knudsen, dagleg leiar
  4. Kari Eikemo, hjelpepleiar
  5. Audun Namtvedt, lektor/pensjonist
  6. Åse Langhelle, sjukepleiar
  7. Alf Ove Birkenes, produksjonsleiar
  8. Øyvind Thingstad, vektar
  9. Roger Tendal, driftsteknikar
  10. Reidar Ebne, entreprenør/bonde
  11. Hilde Stølås, helsefagsarbeidar
  12. Einar Åge Vae, oljearbeidar/dekksformann
  13. Dag Anders Hornenes, dagleg leiar
  14. Hildegunn Åkra, personalsjef
  15. Sverre Idland, sjølvstendig næringsdrivande
  16. Jarle Sævareid, bilmekanikar
  17. Harald Eikemo, pensjonist
  18. Vegard Winterthun, fagarbeidar
  19. Ole William Birkenes, dagleg leiar
  20. Liv Anne Moe, dagleg leiar
  21. Anne Leknes, mekanikar
  22. Arnfinn Tesdal, sjølvstendig næringsdrivande/pensjonist