Mange blir tatt når UP set opp lasaren i Vats. Bildet er frå ein tidlegare kontroll. Arkivfoto: Elin B. Øvrebø
Mange blir tatt når UP set opp lasaren i Vats. Bildet er frå ein tidlegare kontroll. Arkivfoto: Elin B. Øvrebø

24 fartsbøter i Vindafjord

UP sjekka påsketrafikken austover.



Det burde ikkje vera ei overrasking at UP er på hogget i desse tider. Likevel var det storfangst då politiet sin laser var i bruk på to strekningar på E134 i Vindafjord fredag ettermiddag.

I 80-sona på Liaheia var resultatet to forenkla førelegg. Høgaste fart blei målt til 111 km/t. Éin bil bli dessutan avskilta då den mangla EU-kontroll.

Patruljen forflytta seg austover til 60-sona på Knapphus, og her var resultatet nedslåande; 22 fartsbrot. Høgast fart blei målt til 77 km/t.