Beslagla 300 kilo kjøt

Politiet stansa i 4-tida måndag morgon ein varebil nærare 300 kilo kjøtt i Ølen.

I avhøyr av dei to personene som var i bilen har det ifølgje lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord og Etne kome fram at kjøtet, mellom anna kylling og storfe skulle leverast til butikkar restaurantar i Haugesund og på Stord.

Det var to menn i 30-åra som sat i bilen, som blei stoppe i det lensmannen beskriv som ein rutinekontroll. I avhøyr skal dei ha lagt alle korta på borde.

— Dei har forklart at at kjøtet skulle leverast til butikkar og restaurantar i Haugesund på Stord, fortel lensmann Ingvar Gjærde til Grannar.

Om restaurantkundar på Haugalandet har grunn til å frykte at kjøtet ein får servert ikkje er klarert etter forskriftane vil ikkje Gjærde spekulere på. Men saken er ikkje unik for det lokale politiet.

— Det er beslaglagt kjøtt på denne måten tidlegare, seier han.

Om dei to som ble tatt nå har involvert i liknande transport tidlegare har ikkje Gjærde opplysningar om.

Dei to personane er no anmeld, men dei fekk køyre vidare med bilen dei blei tatt i etter avhøyret.