Christiania Blåseensemble har hatt tre ulike dirigentar på dei siste tre åra. I år var det Trond Husebø som dirigerte korpset, med tilknyting til Norges musikkhøgskole. Foto: NMF
Christiania Blåseensemble har hatt tre ulike dirigentar på dei siste tre åra. I år var det Trond Husebø som dirigerte korpset, med tilknyting til Norges musikkhøgskole. Foto: NMF

Dirigerte til NM-gull

Trond Husebø (35) frå Ølen dirigerte då Christiania Blåseensemble frå Oslo vant elitedivisjonen under noregsmeisterskapet i janitsjar i Trondheim i helga.

Vinnarane fekk utdelt kongepokal av statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvåg. Heimefavoritten Musikkforeningen Nidarholm blei nummer to, mens Sandvikens ungdomskorps vart nummer tre.

109 korps deltok i totalt åtte divisjonar under årets NM.