Ein time fram

Natt til søndag er det klart for å stille klokka fram frå 02.00 til 03.00. Som alltid er regelen at ein skrur ein time mot sommaren om våren, og tilbake mot sommaren om hausten.

Noreg har hatt sommartid sidan 1980, men stadig stiller mange av oss det same spørsmålet, fram eller tilbake. Norsk sommartid varar normalt frå 02.00 siste søndagen i mars og til 03.00 siste søndagen i oktober.

Med eit lite knepp på klokka kan vi sjå fram til ein time lenger med lys om kvelden i dagane framover.