Rundt 250 lass med betong måtte til under støyping av Hålandsbrua. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Rundt 250 lass med betong måtte til under støyping av Hålandsbrua. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Jobben er gjort

Etter 49 timar med samanhengande støyping i fint vårvêr var betongflata på Hålandsbrua på nye E134 i Etne ferdig i torsdag 19. mars. Det var éin time lenger enn planlagt.

— Me er svært nøgde med jobben som entreprenør Kruse Smith og leverandør Ølen Betong har utført desse hektiske dagane, seier byggjeleiar Per Inge Naterstad i Statens vegvesen til Vegen og vi.

Han legg til at alt har gått knirkefritt. — Kvaliteten har vore god – og det var ingen uhell undervegs.

250 lass

På det meste var det ti betongbilar på vegen samstundes, med transport frå blandeverket i Ølensvåg – ein god halv times køyring unna. Totalt gjekk det med kring 250 billass med betong til denne ekstreme støypejobben.

Neste veke står oppspenning av den 111 meter lange brua på programmet. Det skal leggast på avlastingsplate, og trekkerøyra skal på plass gjennom brua. Seinare blir det lagt membran og asfalt på brubana. Deretter skal vegbana på båe sider tilpassast, før Hålandsbrua kan takast i bruk til anleggstrafikk i siste delen av byggjeperioden.

Kontroll

Totalt 1.750 kubikk med betong er levert til bruflata i denne veka. Og samla er det nytta 2.100 kubikk med betong, og kring 420 tonn armering til brua.

Både Statens vegvesen og entreprenøren hadde eigne mannskap på kvalitetskontroll av betongen under støypinga.