Eirik Molland viser fram kva som hindrar silemaskina i Skånevik i å gjera arbeidet sitt. Det siste året har dei slite med at folk både i Skånevik og Etne hiv våtserviettar og liknande i toalettet. Arkivfoto: Sirianne Vikestad

Krøll i kloakksystemet

Måndag føremiddag gjekk det ut tekstmelding til alle som er påkopla det kommunale kloakkanlegget i Etne og Skånevik, der driftsoperatørane opplyser at dei har fått problem med avløpssystemet.

— Trass i tidlegare oppmodingar om å kasta alt utanom toalettpapir i bossbøtta, er folk ikkje blitt flinkare til å følgja dette opp. Hovudproblemet er våtserviettar og dei skapar skikkeleg krøll for pumpestasjonane. Dei tettar fleire av punkta frå stasjon til stasjon. I tillegg finn operatørane mykje anna også. Tau, moppar, små klesplagg, leiker, mobiltelefonar og liknande, seier driftsoperastør i kommunen, Eirik Molland, som legg til at problemet er aukande.

Han undrar seg ofte på korleis slike ting finn vegen ned i kloakken, då vegen til kloakksystemet berre går igjennom toalettet.

Dei tilsette forventar no at folk tar tekstmeldinga til følgje.