Sandeid kai onsdag morgon. HV08-mannskapet starta nye søk etter den sakna. Foto: Torstein Nymoen
Sandeid kai onsdag morgon. HV08-mannskapet starta nye søk etter den sakna. Foto: Torstein Nymoen

Kvinna funnen død

Funnen ved strandkanten.

Siste: Klokka 1154 onsdag var det funne ei død kvinne i sjøen, ved strandkanten, ved Sandhammer, om lag to kilometer sør for Sandeid sentrum.

– Ut i frå funn på plassen er det grunn til å tru at det er den sakna kvinna som er funnen, melder operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det var mannskap frå HV08 som fann kvinna.

Ifølgje lensmann Ingvar Gjærde er det ikkje mistanke om at kvinna har vore utsett for noko kriminelt, men ho blir etter vanleg rutine send til obduksjon.

Store mannskap

Røde Kors, hunde-ekvipasjar frå Politiet og Norske Redningshunder og frivillige leitte fram til i 2-tida i natt etter den sakna 63-åringen i Sandeid.

Leiteaksjonen byrja då kvinna blei meldt sakna måndag ettermiddag.

Tysdag var om lag 75 personar frå Røde Kors, Sivilforsvaret, politi og private i aksjon i søket etter den 63 år gamle Magnhild Helgevold. Også tre hunde-ekvipasjar, to frå Norske Redningshunder og ein privat, deltok i leitina. Det blei leita i eit stort område ved Sandeid.

— Leiteforholda har vore greie, sjølv om det er litt snø i terrenget. Men elva har gått ned, og det er søkt både langs elva og i sjøen. Men det er ikkje gjort noko funn, sa lensmann Ingvar Gjærde til Grannar like før klokka 15 tysdag.

Skryt av bygdefolket

Gjærde skryt veldig av innsatsen til lokalbefolkninga i samband med aksjonen.

— Når noko skjer på bygda er det mange som still opp, det er nesten så vi har problem med å sysselsetja alle. Mellom anna har folk på eiget initiativ koka mat til leitemannskapa som har hatt base på Sandeid samfunnshus.