Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim blir Etne Sp sin ordførarkandidat etter at Sigve Sørheim har valt å trekkja seg frå lokalpolitikken til hausten. Arkivfoto
Vil Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) bli Etne sin nye ordførar når Sigve Sørheim trer av? Arkivfoto

Kvinner klare til å overta

Om ikkje den politiske vinden tek ei uventa retning før haustens val, får Etne ei kvinne som ordførar for første gong.

Det er klart etter at nominasjonsmøtet i Etne Senterparti onsdag kveld valde inn Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim på førsteplass på lista. Frå før har den argaste politiske konkurrenten, Arbeiderpartiet, nominert Siri Klokkerstuen på førsteplass.

— Det var eit møte utan dramatikk, og det var nominasjonsnemnda sitt forslag som blei vedtatt, fortel leiar Sjur Aakra i Etne sp.

Om lag 25 medlemmar var til stades på møtet i Etne tinghus.

Dette er Etne Senterpartis liste ved kommunevalet 14. september.

  1. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
  2. Knut Erik Ebne
  3. Sjur Aakra
  4. Inga Rullestad
  5. Kristian Nordgaard
  6. Sigve Sæle
  7. Kari Aakra
  8. Ståle Tungesvik
  9. Viviann Lundal
  10. Aage Vee
  11. Arnhild Aaen
  12. Reidar Berge
  13. Gert Eileraas
  14. Leif Barte Halleland
  15. Sigve Håland
  16. Eivind Jensen
  17. Jan Erik Jensen
  18. Anita Larsen
  19. Anne Elin Ljusnes
  20. Arne Rekkedal
  21. Katrine Rullestad
  22. Monika Sæle

Les meir om saka i måndagens avis.