Dette er forslaget som nå blir lagt ut på høyring fram til 12. mai 2015.
Illustrasjon. Statens vegvesen

Reguleringsarbeid på strekninga Bakka-Solheim er føreslått prioritert til ny NTP.
Illustrasjon. Statens vegvesen
Reguleringsplanperioden for Bakka-Solheim går ut i desse dagar. Først når ny NTP kjem til våren får ein svar på kva som skjer vidare, mellom anna med gjeldande bandlegging av areala i kommunedelplanen. ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN

Ny veg kostar fire milliardar

Forslag om ny E134-trase mellom Solheim og Bakka lagt fram.

Sjå video frå deler av den framtidige traseen!

Traseen Ølensvåg – Mo

Statens vegvesen har laga forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing for ny E134 mellom Bakka i Etne kommune og Solheim i Vindafjord kommune. Forslaget gjeld ny trasé for E134 på strekninga Solheim og Bakka, ei strekning på cirka 37 kilometer.

Den anbefalte tilrådinga har ein prislapp på rundt 4 milliardar kroner. Usikkerheita er pluss/minus 25 prosent.

Sør for planområdet blir Skjoldavik-Solheim ferdig hausten 2015. Nord for planområdet blir Stordalstunnelen opna i november i år.

Dårleg standard

Føremålet med kommunedelplanen er å bestemma trasé for ny E134, plassera kryss og velja standard på vegen. Konsekvensutgreiinga gjer greie for konsekvensane utbygginga har for miljø, naturressursar og samfunn.

— Målet er å få på plass ein trafikksikker stamveg med høg standard for gjennomgangstrafikken, og å ta hand om mest mogleg av den lokalt skapte trafikken, seier Bjørn Åmdal i Statens vegvesen.

Dagens veg har varierande og dårleg standard, og går direkte gjennom tettstadane i kommunane. Strekninga har ikkje gang- og sykkelveg, med unntak av gjennom Etne sentrum og Ølen sentrum.

Statens vegvesen tilrår

Frå Solheim følgjer forslaget dagens korridor fram til Nedre Austreim. Linja via Vatnedalen gir kortare trasé enn traseen om Knapphus, og har mindre konsekvensar for landbruket. I Vatnedalen er forslaget å legga linja på vestsida av Vatnedalsvatnet. Statens vegvesen tilrår kort tunnel ved Eikesdal/Eikeland.

Tilknytinga til Ølensvåg bør bli lagt om eitt kryss ved Ølensvåg.

I val av kryss ved Ølen går Statens vegvesen inn for ei samla løysing. Når det gjeld valet mellom tunnel eller dagløysing ved Oppheim, syner konsekvensutgreiinga at det er lite å henta med å bruka pengar på ein tunnel her.

Kryss elva tidleg

På strekninga mellom Mo og Fikse anbefaler Statens vegvesen ein øvre trasé forbi Etne, med tilhøyrande kryss ved Vågen (Geitaberget). Her er det vist ein med tunnel og eit alternativ med trasé i dagen. Vegvesenet går inn for trasé i dagen då den blir klart billegare,

Frå Mo til Bakka tilrår Statens vegvesen ei linje som kryssar elva så tidleg som mogeleg nord for Mo, før Steinshagen. Sjølv om alternativa på nord-/vestsida av vassdraget har store konsekvensar, går det fram av konsekvensutgreiinga at dei sørlege/austlege variantane har større negative konsekvensar. Den anbefalte linja er også den kortaste og billegaste.

Dokumenta er på høyring i tidsrommet frå 25. mars 2015 til 12. mai 2015.

Planen og val av trasear blir vedteke i Vindafjord og Etne til hausten.

Grannar kjem med brei presentasjon av vegplanane i torsdagens avis.