500 konfirmantar skapa stemning i Etne kyrkje med sin eigen leirsong under laurdagens kveldsmøte. Foto: Ann Margit Grønstad
500 konfirmantar skapa stemning i Etne kyrkje med sin eigen leirsong under laurdagens kveldsmøte. Foto: Ann Margit Grønstad

Rekordmange på leir

For tredje året på rad arrangerer Acta, Loved confcamp i Etne.

Heile 500 konfirmantar frå sør i Rogaland til nord i Hordaland var laurdag samla i Etne kyrkje til «kick off» for leiren som varer fram til onsdag.

— Dette er ny rekord. I fjor var me 370, medan vi i år er heile 650 inkludert leiarar, fortel Johne Stødle, ungdomskonsulent i Acta, barn og unge i Normisjon.
80 frivillige frå heile landet stiller og opp, og Stødle fortel at frivillige i Etne baka 650 bollar til eitt av arrangementa, og bidreg med å laga 30 liter vaffelrøre kvar dag. Det er mykje å halde styr på for både leiarar og frivillige når 500 konfirmantar kjem til Etne.

— Dei kunne vore på fjellet, men mange synest det er kjekt å bruka påskeferien sin på å laga leir for ungdom, seier Stødle.
På programmet står det mellom anna hiphop-konsert og disco i kyrkja, skidag i Røldal, aktivitetar som fotball og volleyball, påskevandring med fakkeltog, seminar og kveldsmøte.