SKL-sjef Magne Heimvik presenterer eit langt svakare 201-resultat enn året før. I bakgrunnen direktør Olav Linga i Haugaland Kraft AS, som er den største eigaren i SKL. Foto: Irene Mæland Haraldsen
SKL-sjef Magne Heimvik presenterer eit langt svakare 201-resultat enn året før. I bakgrunnen direktør Olav Linga i Haugaland Kraft AS, som er den største eigaren i SKL. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Svakare for SKL

Sunnhordland Kraftlag kom i 2014 ut med eit resultat etter skatt som er 62 millionar kroner svakare enn året før.

SKL-konsernet omsette i fjor for 845 millionar mot vel éin milliard i 2013. Resultat etter skatt var på 124 millionar mot 185,4 millionar året før. Driftsresultatet var på 299 millionar (413), og av dette kjem 275 millionar frå kraftproduksjon. Skattekostnaden er rekna til 146 millionar (196).

I ei pressemelding skriv selskapet dette om årsaka til det svekka konsernresultatet:

— Større produksjon, men lågare kraftpris, reduserte dekningsbidrag for produksjon med til saman 30,8 millionar (inkludert resultat frå småkraftsatsinga).

— Lågare inntektsramme enn året før gav ein reduksjon på dekningsbidraget frå nettverksemda med 50,9 millionar. Lågare kostnadsgrunnlag og lågare avkastning på kapitalen (NVE-rente) er ei av fleire årsaker til dette

Kraftproduksjonen i SKL sine anlegg var 1.976 GWh i fjor, som er 16,6 prosent over midlare produksjon. I 2013 var produksjonen 1.760 GWh. Gjennomsnittleg pris for området på kraftbørsen Nordpool var 22,8 øre per kWh, mot 29 øre per kWh året før.

Mindre utbytte

Med ein eigenkapitaldelen på 40,9 prosent av bokførte historiske verdiar har konsernet god soliditet som gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane.

— Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet, skriv konsernsjef Magne Heimvik i pressemeldinga.

Årsrekneskapen blei behandla av styret 2. mars, og tilrådinga til generalforsamlinga 20. april, går ut ei utbetaling til aksjonærane på 92,5 millionar kroner. Tilsvarande sum i fjor var 139 millionar.

Det betyr 46,5 millionar mindre utbytte til fordeling på eigarane, blant anna Haugaland Kraft og Skånevik Ølen Kraftlag.