Etne Skulekorps skal søndag feira heile 60 år, og inviterer til stor fest og konsert. 

Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Etne Skulekorps skal søndag feira heile 60 år, og inviterer til stor fest og konsert. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

10.plass i Hordablesten

Flott prestasjon av Etne Skulekorps i sin første konkurranse på mange år.

Etne Skulekorps deltok søndag i sin aller første konkurranse på mange år, då Hordablesten gjekk av stabelen i Grieghallen i Bergen. 20 musikantar og 10 vaksenleiarar reiste saman til hansabyen for å konkurrera og om dei var spente på førehand, viste ikkje det igjen på scenen i følgje dirigent Kjetil Hjort Lillegraven

— Musikantane gjorde ein kjempeflott innsats på scenen i Peer Gynt hallen og blant 18 brasskorps i 3.divisjon enda me opp på ein 10.plass. Det er ein fantastisk prestasjon i ein veldig tøff divisjon, og me er utruleg fornøgde, seier Lillegraven.

89 poeng av 100

Etne Skulekorps framførte «Easy pop suite» og «Jubilantmarsj» i konkurransen og dommarane gav dei heile 89 poeng av 100 mogelege.

— Me jobba bra, me jobba rett og dommarane seier me har stort potensiale i korpset vårt. Mellom anna sa dei at me hadde fin klang, me spelte tett og presist og me hadde valt eit bra program som passa til musikantane våre. Fleire av musikantane i 3.divisjonskorpsa var både eldre og hadde meir erfaring enn våre musikantar, så me har god tru på framtida. Me har allereie kryssa av på kalenderen for neste års Hordablest, seier Lillegraven.

Musikantane i Etne Skulekorps synest i følgje dirigenten det var ei oppleving å vera med i konkurransen. Dei var ikkje nervøse og til å vera første gong gjorde dei ein super innsats.

Dagen blei avslutta med konsert i storsalen i Grieghallen.

2.000 musikantar

Totalt var det påmeldt 76 korps, 86 ensemble, 326 solistar og 276 aspirantar til årets konkurranse. Med andre ord var det godt over 2.000 barn og unge i sving i Grieghallen.