Brann i borerigg

Det var brann i ein mindre borerigg i eitt av pukkverka på Fikse laurdag kveld. Brannen vart meldt til politiet klokka 21.45 laurdag kveld, og ein liten time seinare kunne brannvesenet forlate steinbrotet kloss ved E134.

Det var ganske stor røykutvikling, men brannen fekk ingen konsekvensar for trafikken på europavegen. Det er Åsbø Sanddrift som har steinbrotet, men ein ekstern entreprenør eig boremaskina.

Det er ikkje kjent kva brannårsaka er, og episoden blir etterforska vidare av Vindafjord lensmannskontor, melder operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.