Etne tok poeng

Det var ein målrik kamp på Leirvik i går med til saman åtte nettkjenningar. Det såg ikkje lyst ut for Etne då Leirvik gjekk opp til 4-1 fem minutt ut i andre omgang.

Men med Kristoffer Grønstad i scoringshumør og tre ballar bak Leirvik sin keeper, klarte Etne uavgjort til slutt. Bjørnar Aastvedt noterte seg også med eit mål på Stord i går.

Heimelaget fekk fire gule kort, og Håvard Hovda frå Etne fekk også gult av dommar Frode Wold frå Lysekloster IL. Det er tidleg i sesongen og få poeng som er fordelte i denne avdelinga i 5. divisjon etter tre kampar.

Skånevik tapte

Nyopprykka Skånevik gjekk på eit braktap mot Stegaberg 2-7. Det var med andre ord ikkje få mål på Skånevik stadion, og ein travel kveld for keeper Tom P. Bjørnson.

Skånevik sine to mål vart effektuerte av Martin Kristiansen. Heimelaget hadde trøbbel med markeringane og to av Stegaberg sine spelarar scora til saman seks mål. Skånevik er sist på tabellen etter tre kampar i denne avdelinga i 5. divisjon. Dommar Tony Liestøl frå Haugar SK delte ut tre gule kort, og to av dei til Skånevik ved Roald Maage og Erling Åsheim.