Kenneth Hohansen med ein gamle Ford Puma heng godt med i svingane. Foto: Holtenmedia
Kenneth Hohansen med ein gamle Ford Puma heng godt med i svingane. Foto: Holtenmedia

Grei sesongopning

Kenneth Johansen vart nummer to i sin klasse under den første runden i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane.

39-åringen frå Ølen er godt i gang med årets sesong. Han fylgde opp laurdagens andreplass med den same plasseringa under søndagens parallellrace.

— Det første løpet er alltid spennande, og det vart ekstra spennande laurdag då bilen stoppa på veg fram til startplata i første omgang, seier Kenneth Johansen, som saman med teamet sitt greidde å finna feilen og var klar igjen til andre omgang.

Positive svar

Johansen vann både den omgangen og den siste, og andre plassen i løpet er han nøgd med, med tanke på den litt vanskelege starten. Han fekk dessutan stadfesta at endringane som er gjort på bilen i vinter, har slått positivt ut.

— Dette er den sjette sesongen med Ford Pumaen, og aldri før har bilen respondert så bra på min køyrestil, så dette ser positivt ut, seier den røynde NMK Vikedal-føraren.

Med dette resultatet ligg Kenneth Johansen på andre plass i samandraget i Vestlandsmesterskapet i rallycross, før andre runde som går på Gjermestad Motorbane i Egersund allereie førstkomande laurdag.

Søndag arrangerte NMK Vikedal parallellrace, eit løp som ikkje tel med i Vestlandsmesterskapet, også her vart Kenneth Johansen nummer to.




Les meir om sesongopninga på Vikedal Motorbane i torsdagens avis.