Kostbar “styling”

Ein bilførar som køyrde ein bil kor det var montert et slags folie som ramma mykje av sikten frå førarsetet blei stoppa i ein kontroll i Ølensvåg tidleg onsdag morgon.

Vedkommande hadde kanskje ikkje sjekka kor mykje ein kan boltre seg i henhold til krava om tilstrekkeleg utsyn, og angrar nok i så fall på det i dag. For etter politiets vurdering kvalfiserte “stylingen” til anmeldelse.

Politiet kontrollerte bilar mellom klokka 5.45 og klokka 7 onsdag morgen.

Ein bilførar ble ilagt forelegg etter å ha tråkka for hart på gasspedalen, men elles gjekk det knirkefritt langs vegen.