Vel framme på Olalia blei konferansedeltakarane servert juice og pølser. Foto: Torstein Nymoen
Vel framme på Olalia blei konferansedeltakarane servert juice og pølser. Foto: Torstein Nymoen

Næringslivet til fjells

I dag er rundt hundre næringslivsfolk og enkelte politikarar på Olalia i flott vêr.

Det var vekslande føre for dei gåande frå parkeringsplassen på Opheim, men humøret var på topp. På Olalia fjellstove blei folket tatt imot med juice og pølser etter den 5,5 kilometer lange spaserturen som delvis gjekk i snø.

Det største trekkplasteret, føredragshaldar Ingebrigt Steen Jensen vart fakta inn med scooter.

— Eg har fått forbod med for mykje aktivitet frå lege grunna byte av hofteprotesar i månadsskiftert januar/februar, fortel reklameguruen og fotballkjendisen.

Begeistra

Han lét seg begeistra av Olalia.

— Eg held føredrag mange stader i landet, men aldri ein stad ein ikkje kan kome fram med bil eller båt, så dette er heilt annleis, seier han til Grannar.

På programmet står historias første næringslivskonferanse på Olalia fjellstove, Haugesund turistforening si nye hytte i Vindafjord. Arrangøren, Fikse Næringsutvikling melder at NæringsGIV 2015 er fullbooka, det vil seia hundre påmeldte. På programmet står blant anna utdeling av tre prisar: Årets bedrift, årets gründer og årets lærebedrift. Blant dei nominerte i klassen Årets bedrift er desse tre finalistar: Granberg AS, MCE AS og Ølen Betong AS.

Ingebrigt Steen Jensen er éin av tre føredragshaldarane på konferansen som har «Det neste steget» som tema.

Les reportasje frå arrangementet i måndagens avis.