Med godvêr er det ingen ting å utsetja på utsikta for deltkarane når dei kjem opp på Hodnafjellet. Arkivfoto
Med godvêr er det ingen ting å utsetja på utsikta for deltkarane når dei kjem opp på Hodnafjellet. Arkivfoto

Skjold på tvers i rekordmodus

Heile bygda er engasjert når Skjold på tvers blir avvikla for sjette gong sundag. Det er meldt om sol og opplett, og arrangøren trur at rekorden frå 2012 på 504 deltakarar, blir slått i år. Aldri før har interessa vor å delta, vore større.

— Og så blir det snakka om at også løyperkorden på ca. to timar og ti minuttar som Per Øyvind Valen frå Vikebygd har, vil bli slått i år. Thomas Finshus som er blant dei 66 påmeldte i konkurranseklassen, har trena spesielt for å springa fort i år, seier Lars Gunnar Økland i arrangementskomiteen og ein av dei vel 50 personane som er involvert i det store arrangementet.

Blodslit

Skjold på tvert er for både turgåarar, mosjonistar og eliteløparar, og er rekna for å vera eit blodslit for dei som vil raskt gjennom den lengste løypa. Oppmøte er ved Skjold Arena, og derfrå blir deltakarane bussa til Våg/Hodnafjellet eller Dalavika, alt etter kva løype som skal forserast.

Langløypa er på heile 23,8 kilometer og går over ni toppar med start på Hodnafjellet og målgang i Skjold, medan Halvtversen er tolv kilometer og krev forsering av fire toppar.

Fem lag i bygda står bak løpet som er det største idrettsarrangementet i Skjold. Blant laga som er involverte er speidarane som stiller med suppestasjon.

— Etter to år med dårleg vêr, ser det lyst ut i år, og dersom varsla om godvêr slår til, ligg det an til fleire rekordar denne gongen, seier Økland.