Stor fotballjubel i Vats

Vats 94/Skjoldar tok ein viktig og populær siger føre heimepublikumet då erkerivalen og naboklubben i vest, Skjold blei slått fredag kveld. Resultatet til slutt blei 3-2 til heimelaget, og jubelen ville nesten ingen ende ta då det tredje og avgjerande målet kom på Hatteland stadion i Nedre Vats i den andre runde i årets 4. divisjon.

Grannar hadde journalist på kampen og kjem attende med fyldig dekning i måndagens avis.

Etne vann

Etter tap mot Ølen i første runde i 5. divisjon, blei det full pott til Etne på heimebane fredag kveld. Ferkingstad var mostandar og resultatet blei 2-0.

Det stod uavgjort ved pause, men signeringar av Åsmund Norheim og Bjørnar Aastvedt gjorde at Etne tok ein fortent siger.