Lettare personskade

Politiet fekk tidleg fredag ettermiddag melding om eit mindre trafikkuhell på Bjoa. Ingen kom alvorleg til skade. Det dreier seg om mindre personskade og skade på to bilar.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har hatt mannskap på staden og sjekka forholda, men kan førebels ikkje seia noko om kva som førte til kollisjonen.