Stolen i Ølensvåg

Båten som er forsvunne frå Ølensvåg, er av typen Micore GTW550 og har ein motor av typen Evinrude 90 hk. Båten har ei raud stripe på begge sider og vasskibøyle bak, melder operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet melder også om ein kontroll av trafikken i Skånevik fredag kveld. I alt 21 køyretøy vart kontrollerte, og det vart gitt eitt gebyr for manglande bruk av hjelm.