Gaute Sørensen Schei bankar inn 0-3 for Hinna, og Vats94/Skjoldar-forsvaret fortvilar. Foto: Magne Skålnes
Gaute Sørensen Schei bankar inn 0-3 for Hinna, og Vats94/Skjoldar-forsvaret fortvilar. Foto: Magne Skålnes

Tap for Vats94/Skjoldar

Trenar Bengt Førland er likevel optimist

Stavanger-laget Hinna vart for sterkt for Vats 94/Skjoldar då laga møttes i den 8. runden av 4. divisjon. Trass i dette er trenar Bengt Førland optimist med tanke på å overleve i divisjonen.

Skal ta nok poeng

— Me har god tru på å klare oss i 4. divisjon, seier Førland etter kampen. Det er fleire lag enn oss som slit med å ta poeng i denne serien, så me skal syta for å ta nok poeng for å overleve.

Førland trur at poenga vil komma både heime og på bortebane, men legg ikkje skjul på at dei gjerne vil vise seg frå si beste side i heimekampane.

Frisk opning

Vats94/Skjoldar starta kampen fullt på høgde med Hinna. Dei første 15 minutta var jamne, men etterkvart tok Hinna over banespelet. Mesteparten av spelet gjekk føre seg på Vats94/Skjoldar sin banehalvdel, utan at bortelaget hadde så mange farlege avslutningar. Men 10 minutt før pause fann Gaute Sørensen Schei nettmaskene frå kloss hald. Heimelaget sitt forsvar fekk aldri heilt taket på den høgreiste spissen, som og sette inn eit mål i 2. omgang.

— Eg er litt skuffa over prestasjonen i kveld, held Førland fram. Me møter eit godt lag, men me kan betre enn dette. Kamputviklinga gjer at me ikkje finn tilbake til innsatsen me hadde mot Skjold og Avaldsnes.

Det Førland siktar til er at Hinna gjekk opp til 0-2 berre få minutt ut i 2. omgang. Då gjekk litt av lufta ut av heimelaget, og kampen var i røynda avgjort. Hinna pyntar på resultatet to gonger, medan Vats 94/Skjoldar ikkje kjem til avslutning på mål før det er spela 75 minutt. 0-4 resultatet gjer eit rett bilete av kampen.

— Me får reise oss til neste kamp, avsluttar trenaren. Der er nok sjansane for poeng noko større, då dei tek turen over Boknafjorden for å møte botnlaget Randaberg 2. Hinna ligg heilt i toppen med 18 poeng, medan Vats94/Skjoldar blir ståande med sine 7 poeng. Vindafjord-laget ligg med dette over streken, med Randaberg 2 og Skudenes bak seg. Desse laga har 3 poeng så langt.

Kampfakta

  1. divisjon herrar

Vats 94/Skjoldar – Hinna 0-4(0-1)

Hatteland Stadion fredag 29. mai

34 min     0-1 Gaute Sørensen Schei

50 min     0-2 (sjølvmål)

65 min     0-3 Gaute Sørensen Schei

88 min     0-4 Fredrik Fossmark

Ingen kort

Dommar: Ole Petter Grindheim, Haugar SK

Tilskodarar: 60