Tapte mot botnlag

Etter god klatring på tabellen dei siste serierundane i fotballens 5. divisjon, sa det stopp for Ølen då dei måndag 18. mai møtte Nord på Nord stadion i Karmøy. Heimelaget vann 4-2, og har etter ein trå start, avansert til midt på tabellen, og ligg nå berre to poeng bak Ølen på fjerde plass.

Alt torsdag ventar ny kamp for Ølen, og det blir eit klassisk lokaloppgjer når Skånevik kjem på besøk. Etne spelar dagen etter bortekamp mot Kopervik 2.