Tok poeng i Kopervik

Det var ein svært målrik kamp på Åsebøen kunstgras på Karmøy i går der Kopervik 2 og Etne spelte uavgjort 3-3. Dommar Tommy Lothe frå Ølen IL hadde ein travel kveld og delte ut fire gule kort, og eitt direkte raudt kort til ein spelar frå Kopervik etter ein ufin episode. Etne heldt seg mest på matta og Kenneth Krokå fekk eit av dei gule.

Kopervik hadde overtaket før pause på stillinga 2-1, men etter kvilen hadde Etne tilsvarande overtak i scoringar. På Etne si scoringsliste var Eirik Haugen med to mål og Bjørnar Aastvedt på straffe etter ein hands. Etne er på femteplass i 5. divisjon avdeling 3 med 11 poeng etter sju serierundar.

Tapte mot Haugar

Vats 94/Skjoldar hadde ein litt dårlegare dag i går med tap 1-0 borte mot Haugar. Med det passerte Haugar også gjestene på tabellen.

Vats 94/ Skjoldar ligg no rett over streken på tiandeplass i 4. divisjon avd. 3 med sju poeng etter sju kampar.