Lekatren kom på plass i helga og skal fungera som publikumplass under Bluesen, medan banda spelar frå scene på land.
Foto: Ida Eline Skålnes
Lekatren kom på plass i helga og skal fungera som publikumplass under Bluesen, medan banda spelar frå scene på land. Foto: Ida Eline Skålnes

Lekter gir festivalvri

Bluesekteren har lagt til kai i Skånevik og er klar til å gi publikum ei enda betre festivaloppleving.

Torsdag går startsignalet for årets bluesfestival, og i år kan dei besøkjande glede seg over ein ny vri, ein 45×20 stor lekter.

Lekteren som opprinneleg var bestilt var hakket større, men då den blei oppteken blei dette alternativet. For Alf Warloe Christophersen er den vel så god.

— Vi er like happy, dette er eit vel så godt alternativ, seier han.

Storleiken gjer at scena flyttast på land, medan publikum får plass på lekteren.

— Det blir intimt og bra, fortset han.

Etter 19 år med bluesfestival var det tid for snu på kortstokken og tenkje nytt. Lekteren gjer i tillegg at arealet blir utnytta ytterlegare, og at alt blir betre samla.

Gode vêrutsiktar

Lekteren frå Halsnøy gjennomgår no ei sikring for å bli klar til å ta i mot publikum. Gjerde skal setjast opp og trapper skal byggjast. Det blir intensiv jobbing fram mot  festival, med godt over hundre mann i sving. God dugnadsand og engasjement er like avgjerande som kvart år.

Tidlegare har konseptet vore telt, i år er det lekteren.

— Vi legg opp til fint vêr. Ved å ikkje ha telt så gamblar vi jo på det, seier bluesgeneral Christophersen.

Men skal ein tru på vêrutsiktene, så ser det svært så lovande ut for den komande helga. Christophersen er på ingen måte bekymra, det er trass alt alltid fint vêr i Skånevik, fastslår han lurt.

 Ny oppleving

— Artistane gler seg også, for dei som kjem utanlandsfrå blir det heilt spektakulært med utsikt utover fjorden. Bluessjefen er ikkje i tvil om at det blir ei fantastisk oppleving både for arrangørane sjølv, artistar og publikum.

— Kva kan vel vere betre enn god musikk, godt vêr og ei kald ei på lekteren?