Ekteparet Erika (80) og Markus (81) Runge hadde tatt turen frå Tyskland for å delta på Horextreff.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ekteparet Erika (80) og Markus (81) Runge hadde tatt turen frå Tyskland for å delta på Horextreff. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 5
Blankpolerte veteransyklar av merke Horex har inntatt Rullestad.
Blankpolerte veteransyklar av merke Horex har inntatt Rullestad. Bilde 2 av 5
Sigurd Brakken frå Karmøy kjøpte sin 1935 modell i deler.
Sigurd Brakken frå Karmøy kjøpte sin 1935 modell i deler. Bilde 3 av 5
Dei første Horex syklane blei produsert med Columbus motor.
Dei første Horex syklane blei produsert med Columbus motor. Bilde 4 av 5
Albert Yeringfeld frå Holland på sin 1939 modell.
Albert Yeringfeld frå Holland på sin 1939 modell. Bilde 5 av 5

Med sans for Horex-motor

Annan kvart år møtest norske og utanlandske Horex eigarar til motorsykkeltreff. I år la dei turen til Noreg og Rullestad.

Dei hadde passert sin ungdoms vår både deltakarane og motorsyklane som i helga var samla til motorsykkeltreff på Rullestad i Etne. Men den høge gjennomsnittsalderen såg ikkje ut til å vera til hinder for dei mange Horex-eigarane som trilla inn på Halvfjordingen fredag ettermiddag. Somme hadde køyrt motorsykkel heilt frå Tyskland, Nederland, Sveits og Danmark for å treffa sine norske Horex-entusiastar, medan andre valde ein meir komfortabel reisemåte og sette sykkelen på hengar bak bubilen før dei sette kursen nordover. For 81 år gamle Markus Runge frå Tyskland vart løysinga sykkel med sidevogn.

— Dette går så fint så. Det er flott å vera på sykkeltur, seier kona Erika Runge (80) og smyg seg opp i sidevogna medan mannen tek styringa over sitt blankpolerte prakteksemplar av ein motorsykkel.

Albert Yeringfeld frå Holland på sin 1939 modell.

Albert Yeringfeld frå Holland på sin 1939 modell.

Internasjonalt

Ekteparet frå Bad Bramstedt har tatt turen til Norge for å tilbringa ei heil helg saman med sine sykkelvener. Og om to år er det deira tur til å vera vertskap for Horex-gjengen. Då er det bestemt at Tyskland skal arrangera det faste motortreffet.

— Her i Noreg har me rundt 50 medlemmer, og me hadde vårt første treff i 1991. Sidan den gong har me hatt treff anna kvart år, fortel Arne Bratland frå Karmøy som var med å stifta Norsk Horex Club og som stod for arrangementet på Rullestad.

Medlemmene i den norske klubben er alle godt vaksne folk i alderen 50 til over 70 år, og Bratland håpar at yngre også kan melda si interesse og bli medlem.

— Me ynskjer unge med, seier han.

Sigurd Brakken frå Karmøy kjøpte sin 1935 modell i deler.

Sigurd Brakken frå Karmøy kjøpte sin 1935 modell i deler.

Sosialt

Sjølv om interessa for det legendariske tyske sykkelmerket står i fokus når Horex-eigarane møtest, er det sosiale samværet høgt på prioriteringslista.

— I går hadde me det sosialt og med god lokal mat på menyen. I dag har me gått Postvegen og tatt ein køyretur til Langfoss, Låtefoss og Odda. Og i kveld blir det god middag med pianomusikk og song, fortel Bratland og synes det er fint å få visa fram all den vakre naturen distriktet har å by på.

me hadde vårt første treff i 1991

Ivrige noregsturistar

Dei aller fleste av deltakarane har besøkt Noreg mange gonger før, og set stor pris på å få feriera blant majestetiske fossefall og endelause fjellvidder.

— Me har vore i Noreg 20 gonger før, og synest det er så vakkert her. Me har vore på mange treff og elskar fridomen med å kjøra sykkel, seier Jetty Yeringfeld frå Holland og har allereie døypt vatnet på Rullestad til Horexfjorden. Hit kjem ho gjerne igjen, og då helst med heile familien.

Jetty er den stolte eigar av ein Horex 1954 modell, og har tatt turen saman med mannen Albert som eig ein av dei eldste syklane på treffet.

— Denne sykkelen er frå 1939. Det er 350 kubikkar med 50 hestekrefter og ein toppfart på rundt 115 km/t, skryt ektemannen og viser fram ein førkrigsmodell med sadelsete og eige spesiallaga emblem på framskjermen.

Blankpolerte veteransyklar av merke Horex har inntatt Rullestad.

Blankpolerte veteransyklar av merke Horex har inntatt Rullestad.

Tyske Horex

Produksjonen av det tyske motorsykkelmerket Horex starta i 1923, då far og son Friedrich og Fritz Kleeman grunnla sin Horexfabrikk i Bad Homburg i Tyskland i 1923. Under krigen stod produksjonen stille, før den blei tatt opp igjen i 1948. Sju år seinare tok Daimler-Benz over fabrikken og motorsykkelproduksjonen vart avslutta. I Tyskland finst det fortsatt stor interesse for dei gamle syklane og landet har 16 aktive klubbar.

— Syklane er populære i Tyskland og det er ikkje vanskeleg å få tak i deler for dei som måtte ha bruk ekstra sykkeldelar til restaureringsarbeidet, fortel Bratland.

Sjølv om mange av syklane er i så god stand at eigarane ikkje har hatt bruk for å fiksa så mykje på køyredoningane sine, er det enkelte som har lagt ned rikeleg med arbeid for å få sykkelen i stand.

— Denne sykkelen vart kjøpt i deler. Det er ein 1935-modell og kom truleg til landet med tyskarane. Eg har hatt den sidan 1979, og det er berre to syklar av denne typen i Noreg, seier Horex-eigar Sigurd Brakken frå Karmøy og synes det er kjekt å driva med restaureringsarbeid.

— Eg likar å skru, seier han.