Russen på Lundeneset kunne på avslutningsfesten fornøgd overrekka sjekkar på til saman 1.060.000 kroner. Frå venstre: prosjektsjef Anne Viste, rektor Gustav Løge Fosse, russepresident Torstein Stuhaug, økonomiansvarleg Cathrine Håvarstein og representant for NLM Elise Haugland. Foto: Helge Johan Stautland

Samla inn over éin million

Russen på Lundeneset vgs kunne på avslutningsfesten overrekka ein sjekk på heile éin million kroner.

Dei innsamla pengane går til misjonsarbeid i Japan. I tillegg fekk skulen ein sjekk på 60.000 kroner, øyremerket miljøtiltak ved den kristne internatskulen i Ølensvåg. Totalbeløpet på 1.060.000 kroner, er ny rekord for Lundeneset-russen.

— Eg er stolt over kva me har fått til. Folk har stått på og jobba, både kvar for seg og i lag. Me har opplevd godt samhald dette skuleåret. Dessutan synest eg det er kult at russ kan vera med og gjera noko nyttig. Me har samla inn mykje pengar som går til ei god sak, seier avtroppande russepresident Torstein Stuhaug frå Sandeid.

Pengane russen har samla inn går til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Japan, og skal nyttast til utdanning, kyrkjelydsarbeid, barne- og ungdomsarbeid, og radio- og medieevangelisering.

— I løpet av året har me arrangert mykje, men misjonsløp og basar har vore dei største inntektskjeldene, avsluttar prosjektsjef i russen, Anne Viste.