Sørover Storavatnet frå Refsnes, eit av mange område som er med i voteringa. Arkivfoto
Sørover Storavatnet frå Refsnes, eit av mange område som er med i voteringa. Arkivfoto

Kva er din favoritt?

Romsa og Olalia i Vindafjord, og Peparen og Osnes i Etne kommune er populære område. Men mange andre forslag er med i kåringa av det mest attraktive turmålet.

I samband med at 2015 er Friluftslivet år, har Klima- og miljødepartementet oppfordra alle landets kommunar til å kåra det mest attraktive friluftslivsområdet lokalt. Etne og Vindafjord gjer det i samarbeid med lokalavisa. Ordførarane Sigve Sørheim og Ole Johan Vierdal meiner dette best kan gjerast ved å ha ei open kåring, utan at det er presentert kandidatar.

— Me har svært mange flotte og attraktive område som både er tilrettelagt eller ikkje, så nå er det opp til innbyggjarane å seia si meining, seier duoen som jaktar éin vinnar i kvar kommune.

— Mange område

Folkehelsinspirator Elisabeth Kallevik Nesheim i Vindafjord jublar over å få ei slik kåring.

— Dette er ein grei måte å få opp engasjementet på, og trekkja fram kjente og meir ukjente område å gå tur i. Me har mange fantastiske område i desse to kommunane, og det er ikkje berre dei lange turane som skal ha fokus. Det er viktig at folk også brukar nærområdet sitt for å koma seg ut og i aktivitet, men mange kan bli endå flinkare.

Nesheim er opptatt at ungane blir tatt med ut frå dei er små av og får ein basis til seinare i livet.

— Eg hugsar sjølv då eg var liten, då turen ofte gjekk til Olalia, så kunne det vera eit blodslit å ta ut i all slags vêr. Men som vaksen er det dei positive inntrykka som sit igjen.

Nøytrale

Personleg har folkehelsinpiratren eit sterkt forhold til Olalia i VIndafjord, medan Peparen er hennar favoritt i Etne kommune, men når det gjeld denne kåringa håpar og trur ho på eit mangfald av favorittar. Takka vera Friluftsrådet Vest som har gjort ein kjempejobbm, er det tilrettelagt ei rekkje badeplassar og andre naturskattar i dei to kommunane.

Ordførarane har lyst å vera mest mulig nøytrale i kåringa, og synest det er rettast å ikkje nominera ei liste over det som innbyggjarane nå skal stemma på.

— Dei fleste har vore på Olalia, men så trur eg også mange har sine eigne turmål. Eg som bur i Vats har til dømes mange turar til Grånuten 931 meter over havet. Den ligg nært og det tar vel éin time opp.

Men det er også viktig å koma seg rundt og oppdaga andre flotte turar i kommunen. Eit godt tips er å bruka kommunen sitt Ut på tur-opplegg der det finst tips om turar for kvar av bygdene våre,  seier Vierdal som prøver å finna fram tursekken kvar helg han har ledig tid.

Ordørar Sigve Sørheim (t.v.) og Ole Johan Vierdal oppmodar innbyggjarane til å delta i kåringa av det mest attraktive friluftsområdet i sin kommune.  Foto: Jon Edvardsen

Ordørar Sigve Sørheim (t.v.) og Ole Johan Vierdal oppmodar innbyggjarane til å delta i kåringa av det mest attraktive friluftsområdet i sin kommune. Foto: Jon Edvardsen24

Personleg guide

Ordførar-kollega Sigve Sørheim innrømmer at forma ikkje er så god som då han var aktiv bonde og hadde sauer i Etnefjellet. Det er dette området, rundt Blomstølen og Sandvass der Haugesund Turistforening har to moderne fjellhytter, han har sterkast tilknyting til og kjenner best. Men også Skartøl er mykje brukt som utgangspåunkt for tur i fjellet, og så blir det også ein og annan tur til Olalia.

— Friluftslivets år er eit godt tiltak, og me har eit godt samarbeid med Frivillihetssentralen om ulike aktivitetar i kommunen. Kåring av det mest attraktive turområdet er eit flott initiativ som kjem i tillegg. Og så vil også ordføraren bidra til å få folk i aktivitet då eg i løpet av sommaren skal vera guide for éin til i Etnefjellet og éin i Skånevik.

Sørheim fortel at kommunen også har sett i gang eit arbeid i samarbeid med fleire lag og organisasjonar, som i løpet av året skal resultera i eit nytt turkart for heile kommunen med både toppturar og turtips i nærområdet.

Premiering

Initiativtakar miljøminister Tine Sundgodt trur kåringa vil skapa merksemd om mulighetene for frilutsliv i eigen kommune og få fram at folk ikkje treng reisa langt for å finna flott natur og gode opplevingar i det fri.

— I tillegg vil det i denne kåringa blir spreidd informasjon om alle dei fantastiske friluftsområda som me har i landet. Dermed vil mange oppdaga at det finst skjulte perler dei ikkje har visst om, samt at det vil stimulera til auka aktivitet i det fri, seier statsråden i brevet til landet ordførarar.

Blant alle som deltar i avsteminga vil det bli trekt ut éin vinnar i kvar av dei to kommunane, som vil få ein premie som byr på ei overraskling ute i naturen.

26 forslag

Så langt er det kome inn 14 forslag i Vindafjord kommune og 12 i Etne. I VIndafjord ligg Olalia og Romsaøyane godt an i voteringa, medan Peparen og Osnes (Olav Vik-omrmådet) har støtte av mange i Etne kommune.

Her er oversik (i tilfeldig rekkefølge) på kva innbyggjarar har røysta på:

Vindafjord:

Ormåsen

Romsa

Olalia

Vikedal

Otertong

Stokkadalen

Refsnes

Holmavatnet

Vedvikjo

Hovda

Aurlandsdalen/Sletthaug

Grindanes

Vakadalen

Bjønndalen

Etne:

Rullestad

Peparen

Osnes (Olav VIk)

Hellaug

Hamnaklubben

Taraldsøy

Ekrheimsholmen

Børkjenes

Vannes

Skarstøl

Håfjellet

Blomstølen

Siste sjanse

Avstemminga varer ut juni, så nå er siste sjanse til å delta i kåringa. Dei to vinnarområda blir offentleggjort i Grannar 9. juli.

Her kan du stemma fram din favoritt

Kåring friluftslivområde

Felt merka med stjerne* må fyllast ut