SLT-koordinator Liv Ellen Ebne (i midten) går no ut  saman med helsesøstrene Maren Tjelmeland Hustoft (t.v) og Margareth Bull-Tornøe og oppmodar foreldre til å vera varsame med alkoholen i sommar. Foto: Grethe Hopland Ravn
SLT-koordinator Liv Ellen Ebne (i midten) går no ut saman med helsesøstrene Maren Tjelmeland Hustoft (t.v) og Margareth Bull-Tornøe og oppmodar foreldre til å vera varsame med alkoholen i sommar. Foto: Grethe Hopland Ravn

— Ta omsyn til borna

For dei fleste betyr ferie sol, varme, fridagar og glede. Men fleire barn enn før går inn i denne tida med vond klump i magen, for mor og far er blitt veldig glade i promillen.

For alle skuleelevar i distriktet er denne måndagen den første smakebiten på sommarferien for 2015. Både små og store gler seg til å få eit avbrekk frå ein hektisk kvardag, og fokuset på den perfekte ferien har aldri vore større. For mange barn og ungdommar byr likevel ferien på utfordringar dei absolutt skulle vore forutan. I ei fersk MMI-undersøking svarar nemleg meir enn 50 prosent av alle spurte foreldre at dei drikk alkohol kvar einaste dag i sommarferien. Det er eit historisk høgt tal og får fleire til å reagera.

— Nå går me ut til foreldra og ber dei tenkja seg litt om, seier SLT-koordinator i Etne og Vindafjord, Liv Ellen Ebne. I samarbeid med helsesøstrene Margareth Bull-Tornøe i Etne og Maren Tjelmeland Hustoft i Vindafjord ut med ei oppmoding til alle foreldre om å bruka tid på å samtala både foreldre i mellom og gjerne også med vener om korleis dei skal gjera det i ferien, når det er barn tilstades.

Avtal på førehand kva ein skal gjera

«Lykkepromillen»

For bak mange av dei foreldra som jaktar «lykkepromillen» skjuler det seg mange barn som ikkje får den ferien dei hadde ønskja seg. Det kan vera utrygt for ungane å oppleva at foreldra forandrar oppførsel når dei drikk. I motsetning til vaksne, kan dei heller ikkje forlata festen når dei har fått nok. Dei kan heller ikkje reisa heim frå ferien om dei ikkje trives

— Ein kan seia med ganske stor sikkerheit at «lykkepromillen» er  høgare for dei vaksne enn den er for barna, og hovudmålgruppa vår denne gong er ikkje dei som har eit alkoholproblem, men alle dei 90 prosenta som nyt alkohol av dagens vaksne, seier Ebne.

Rekordhøge bekymringstal

Helsesøster Maren Tjelmeland Hustoft opplyser at i 2014 var talet på bekymringsmeldingar til barnevernet frå utlandet rekordhøgt.

— I lyset av fjoråret der mange bekymra foreldre opplevde å vera vitne til andre foreldre som drakk seg frå sans og samling i Syden, med ungane til stades, må me setja litt lys på denne problemstillinga, seier ho.

Om ein skulle enda opp i ein situasjon der ein ser rusa foreldre og utrygge barn, er det aller første bodet å ta kontakt med barnet. Snakk med det, og om ein er riktig bekymra må ein ta kontakt med reisebyrået.

Nordmenn er glade i å reisa utanlands og på ferie i utlandet endrar ofte drikkemønsteret seg, og ein drikk gjerne meir alkohol enn heime.

— For å setja det på spissen er ei full mamma – ei full mamma, uansett om det er i Skånevik eller i Syden. Barn kjenner seg ikkje mindre utrygge om foreldra drikk seg rusa i utlandet. Snarare tvert i mot. Når ein er liten og er på ein stad der ein ikkje kjenner nokon, og ikkje kan språket, kan det vera skremmande om mamma eller pappa drikk så mykje at dei forandrar seg, seier SLT-koordinatoren.

Likar ikkje

Når ein drikk alkohol kan det vera vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn som ser foreldra sine ruspåverka, likar det ikkje, sjølv om det skjer sjeldan. Dei med foreldre som drikk for å gøyma seg for vanskelege kjensler, reagerer meir negativt på lukta av alkohol enn andre barn, uavhengig av mengda alkohol, og barn som blir spurt om å rapportera kor mykje foreldra drikk, undervurderer som regel forbruket, kan Ebne opplysa.

Helsesøster Bull-Tornøe meiner det kan vera lurt å snakka i saman før ein tar sommarferie. Både med den vaksne ein bur i saman med og med vener ein truleg skal møta over både mat og alkohol i løpet av ferien.

— Avtal på førehand kva ein skal gjera dersom ein skal i selskap med barn. Skal den eine vaksne avstå frå alkohol og kva skal ein svara om ein blir bydd alkohol og ikkje hadde planlagt det? Det er svært lurt å reflektera over dette før ein dreg frå heimen, seier ho.

Fem alkovettråd for ein betre ferie:

  • Tenk over på førehand om, eller kor mykje du skal drikka i løpet av ferien saman med barna. Diskutert gjerne med dei du skal reisa saman med.
  • Hugs at barn merkar endringa i vaksne si framferd når dei drikk, raskare enn det vaksen sjølv trur. «Lykkepromillen» kan sjå annleis ut for dei som er små.
  • Finn praktiske løysingar som tar omsyn til barna, dei trivest best med vaksne som oppfører seg som dei pleier.
  • Om du ser at barn har det vanskeleg på grunn av andre vaksen sitt alkoholforbruk – ta kontakt med barnet!
  • Ta kontakt med hjelpeapparat som til dømes barnevernsvakten, dersom du observerer omsorgssvikt. Alarmtelefon for barn og unge i Noreg er: 116 111. Om ein er i utlandet må ein ringja: 0047 954 11 755