Politiet var på staden for å danne seg eit bilde av det som var skjedd i ulukka med gokart der ein åtteåring køyrde inn i ein parkert lastebil.
Politiet var på staden for å danne seg eit bilde av det som var skjedd i ulukka med gokart der ein åtteåring køyrde inn i ein parkert lastebil.

Lettare skadd i ulukke

Åtteåringen som vart frakta til Haukeland med legehelikopter, er lettare skadd.

Han vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulansen etter ei ulukke med gokart i Etne tidlegare i dag. No melder sjukehuset at guten frå Etne er lettare skadd.

Først vart uhellet meldt som ei alvorleg ulukke, og guten var umedviten etter kollisjonen.

Uhellet skjedde på ein provisorisk gokartbane på Tongane i Etne, og guten køyrde inn i ein lastebil som stod parkert rett ved banen.

— Uhellet skjedde ved at gokarten køyrde ut. Han er frakta med luftambulanse til Haukeland, sa lensmann Ingvar Gjærde tidlegare i dag.

Han var tilfeldigvis på Etne Cup og var første politi på skadestaden.

Tre ambulansar, lege og brann og redning kom raskt til ulukkesstaden og deretter luftsambulansen.

Gokart var ein aktivitet i tilknyting til Etne Cup som går av stabelen denne helga. Ei politipatrulje kom til Tongane etter ein time, og var i gang med å kartleggje ulukkesstaden.