10 brot på vegtrafikk-loven

Ein mann i 20-åra frå Etne er i Haugaland tingrett dømd til åtte månaders fengsel for ei rekke lovbrot i perioden frå oktober 2013 til januar i år. Heile 10 av dei er forskjellige brot på vegtrafikkloven, mellom anna fleire tilfelle av høg fart, køyring med bil utan lovlege kjennemerke og køyring utan førarkort.

Han blei mellom anna målt til 131 kilometer i timen i ei 80-sone i Vindafjord i oktober i fjor. Bare 11 dagar tidlegare målte politiet han til 124 kilometer i timen i ei 80-sone i Odda. I samledommen er han òg dømd for tjuveri av ein ein motor som han fann i ei pakke langs vegen. Han er òg dømd å ha tatt seg inn i ein daglegvarebutikk på Voss. Her kom politiet til staden bare 30 sekunder etter at alarmen gikk, og då forklarte den unge mannen at han bare var nysgjerrig og ville sjå seg om i lokalet. Dommen omfattar elles straff for at han har gjort nye lovbrot i prøvetida etter at han fikk ein dom på vilkår i Hardanger tingrett sommaren 2013.

120 dagar av den siste dommen er gjort til fengsel på vilkår. Tingretten legg mellom anna til grunn at fleire av brota er gjort for ei god stund sida og at han då var nokså ung, og det faktum at han mellom anna ved å ta kurs på vidaregåande skule no visar vilje til å skikka seg betre.

Mannen er frådømd førarretten i 14 månader, og han må ta full førarprøve for å få førarkort på ny.