Ifølgje lensmann Ingvar Gjærde tas det nye avhøyr kring den moglege valdtekta i Vikedal denne veka. ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Etne og Vindafjord har nedgang i anmeldelsar og vinningskriminalitet slik som resten av politidistriktet. Det er lensmann Ingvar Gjærde tilfreds med, og det blir auke innsats mot overgrep og vald i nære relasjonar som har ein auke. Arkivfoto

22-åring framleis sikta

Men politiet har ikkje konkludert etter meldinga om ei mogleg valdtekt i Vikedal.

Det var like etter klokka tre natt till 18. juli at politiet vart kontakta av ei 18 år gammal kvinne som sa ho var blitt valdteken av ein 22 år gammal mann i ein bil nær Vikedal kyrkje.

Kvinna vart tatt vare på av helsevesenet, medan mannen vart gripen av politiet og sluppen fri etter avhøyr dagen etter. Han har framleis satus som sikta i saka.

— Det gjenstår to-tre avhøyr i saka. Dei vil bli tatt denne veka. Me ventar i tillegg på svar på nokre prøvar før me konkluderer i saka, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Både fornærma og sikta skal ha vore i Vikedal i samband med Vikedal Roots Festival, men den moglege valdtekta skal ha skjedd utanfor festivalområdet.

Ifølge politiet var dei to ikkje ukjende med kvarandre frå før.

LES MEIR HER: Avhøyrt etter mogleg valdtekt (G+)