God badetemperatur

Badetemperaturen i sjøen kunne vore betre, men med målingar rundt 18 grader er det nå mogleg å ta seg ein dukkert i sommarvarmen. Fredag i førre veke vart det målt 18 grader ved Lie badeplass i Vindafjord. Vedvika på Bjoa og Skjeljaviko hadde 16,5 grader. Det same viste gradestokken ved Honsvikjo i Etne, melder Friluftsrådet Vest.