52-11-NAV illustrasjon

Fleire utan jobb i Rogaland

Medan arbeidsløysa i Noreg ligg på 2,8% for juni månad, viser tal frå både Etne og Vindafjord ei ledigheit på under 2%.

I juni var arbeidsløysa i Hordaland på 2,7 % av arbeidsstyrken, viser tal frå NAV. Her var 7.395 personar heilt utan arbeid, medan tilgangen på ledige stillingar låg på 1938. I Etne kommune er det registrert 25 ledige, mot 26 på same tid i fjor.

For Rogaland viser tala 3,1 % ledige, noko som er ein auke på 55 prosent frå same tid i fjor. Her er 8.041 personar utan arbeid. Vindafjord, med sine 88 ledige, har 6 færre ledige enn i juni i fjor, noko som utgjer 1,9%.

Den største auken i arbeidsledige finn ein i Stavanger og Sandnes. Bygg- og anlegg, industriarbeid og ingeniør- og ikt- fag er hardast råka.