I Etneelva er innsiget av rømt oppdrettslaks betydeleg i enkelte år, som i 2015 då dette bildet blei tatt. Årets tal viser stor nedgang i rapporterte rømmingar frå oppdrettsnæringa.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
I Etneelva er innsiget av rømt oppdrettslaks betydeleg i enkelte år, som i 2015 då dette bildet blei tatt. Årets tal viser stor nedgang i rapporterte rømmingar frå oppdrettsnæringa. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Kjelda framleis ukjent

Fiskeridirektoratet vurderer situasjonen som alvorleg etter rapportar om store mengder oppdrettslaks i fjordane.

I Etneelva blei det torsdag tatt 13 oppdrettslaksar, og totalt 30 dei siste dagane. Så langt i år har laksefella ved Enge, sytt for at eit 40-tals oppdrettslaks ikkje har kome seg opp i elva.

Tiltak

Fiskeridirektoratet set nå inn tiltak for av avgrensa skadane etter rømming av oppdrettslaks i Hardanger og Sunnhordland.

Etter rapportar om mykje rømt oppdrettslaks i fjordane sør og aust i Hordaland, har Fiskeridirektoratet har sett i gang kartlegging og tiltak i vassdrag. Meldingane som direktoratet har mottatt dei siste to vekene gjeld relativt stor fisk, dei fleste 6-8 kg. Fangstane strekkjer seg geografisk frå Granvin til Etne og Langenuen.

På bakgrunn av at mykje av fisken er moden og at omfanget av rømminga er ukjent, vurderer me situasjonen som alvorleg

— Kjelda til rømminga er framleis ukjent, melder Fiskeridirektoratet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Gjennom regionkontor har direktoratet innhenta dokumentasjon frå aktuelle oppdrettarar, og det blir jobba vidare med å gå gjennom dette materialet, heiter det i meldinga.

Startar uttak

— På bakgrunn av at mykje av fisken er moden og at omfanget av rømminga er ukjent, vurderer me situasjonen som alvorleg, uttaler Fiskeridirektoratet.

Etaten har difor sett i gang kartlegging av om kor vidt den rømte fisken går opp i laksevassdrag i Hardanger og Sunnhordland. Direktoratet forventar resultat frå kartlegginga i løpet av august og det vil gi dei tid til å setja i verk eventuelle tiltak i forkant av gytetida i november.

I forbindelse med kartlegginga vil det bli sett i verk uttak i vassdrag der det lar seg gjera alt i sommar. Uttaket vil bli utført av kvalifisert personell. Fiskeridirektoratet har engasjert Uni Research Miljø til desse aktivitetane.

Ønskjer tips

Fiskeridirektoratet oppfordrar folk om å melda inn fangstar og observasjonar til sin døgnopne vaktsentral: 03415.