Ein vekstperiode er broten i Etne, og folketalet gjekk ned med 52 personar i fjor. Vindafjord har også nedgang, men mindre enn Etne. Foto: Jan Martin Grindheim
Ein vekstperiode er broten i Etne, og folketalet gjekk ned med 52 personar i fjor. Vindafjord har også nedgang, men mindre enn Etne. Foto: Jan Martin Grindheim

Kjende du jordskjelvet?

Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen bekreftar jordskjelv.

Eit jordskjelv målt til 2,7 på Richters skala blei registrert 5 kilometer nord for Etne tidlegare i dag.

I fylgje Kuvvet Atakan, professor ved insitutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen forekjem det ein heil del jordskjelv kvar dag som folk ikkje legg merke til. Området sør for Hardangerfjorden og utover mot Karmøy er eit relativt aktivt område.

– Jordskjelv på 2,7 forekjem eigentleg ikkje så veldig sjeldan, men kor godt ein merkar det avheng av kvar ein befinn seg, fortel Atakan.

Skade på bygningar byrjar først når skjelvet går opp mot 4,5, noko som ikkje skjer veldig ofte her til lands.

Ein kunne måle eit på 4,8 i sjøen utanfor Svalbard i 2008 som naturlegvis ikkje skapte noko skade på bebyggelse, og ein må heilt tilbake til byrjinga av 1900-talet for å finne skjelv som forårsaka skade på bygningar. Blant anna i Oslofjorden i 1904, der kyrkjetårnet måtte takke for seg og falt av.

Skjelvet ein kunne kjenne her i området i dag var altså eit lite.

Institutt for geovitskap oppmodar alle til å gi inn på http://www.skjelv.no og fylle ut eit skjema som er med på å bekrefte at det har vore eit skjelv.