På handel drivande full

Politiet fekk onsdag kveld melding frå vitne i Ølensvåg om ein mann som kom ut frå Kiwi, sette seg i bilen, kjørte inn i annan bil og forsvann frå staden.

Då politiet sjekka saka, fann dei ut at det ikkje var rart mannen kjørte gale. — Han var rivande full, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og legg til:

— Nå sikrar me blodprøvar og opprettar sak.